Ny blogg...det kallar eg ein milepæl!
Eg vonar at kjente og kjære rundt omkring vil fylgje med på livet her hjå oss. Snart kjem no ei lita tulle som kanskje gjere det litt ekstra å fylgje med på kva som skjer?
No har eg altså hatt pemisjon sidan 18.januar. Fram til no har det vore herleg, men i går konstaterte eg at alle gjeremåla på lista er gjort. So NO...er det kun venting fram til termin 8. februar! Ja, så fremt ikkje vi rekk å skitne til heile huset igjen då og eg må byrje på'an igjen med lista? Å, nei...