tirsdag 27. mars 2012

Stilige babyane


I dag har vi vore så heldige og hatt storFINT besøk frå Jenny og Håkon frå Ålesund. Håkon blei fødd 13.12.2011, og er så flott og fin! Det er tydeleg at ein veks raskt i denne tida, så på 2 månadar skjer mykje med små babyar.

Her ligg dei med sine nye sikle-smikker som besøket hadde med i gåve. Flotte, eller?!
Fine smårollingar
Takk for ein kjekke dag med trilletur, mat og ikkje minst...koselig prat for mammaane.

søndag 25. mars 2012

Pavlova=ein favoritt

Alle festdagar fortenar ei kake, og dette er absolutt ein slik festdag! Ei av mine favorittkaker er Pavlova. Sjølvsagt helst med ferske bær, men i påvente av ny sesong fungerar også dei frosne.
I dag forsøkte eg noko eg ikkje har gjort før, nemleg å lage vaniljekremen frå botnen av. Her om dagen høyrde eg at det ikkje er "ekte" vanilje i den kjøpte vaniljekremen, og det er jo temmeleg skuffande. Sjølv om eg gjerne innrømmer at eg likar den kjøpte også, var det verkeleg noko ekstra med heimelaga. Og ikkje var det for vanskeleg heller, anbefales!

Eg brukte foresten denne oppskrifta frå krem.no:
Melk/fløte 1/2l
Sukker 100g
Maizena 35g
Vaniljestang 1stk
Eggeplommer 4 stk


Slik gjør du:
1. Pisk sammen eggeplommer maizena og sukker i en bolle.

2. Hell melken/fløten i en kjele. Splitt vaniljestangen, skrap ut innholdet og ha alt i kjelen. (Også den hele stangen)
3. Kok opp væsken og hell litt av den kokende væsken i bollen med eggeblandingen mens du rører.
4. Hell så alt tilbake i kjelen og rør kraftig til det tykner. Pass på at det ikke brenner seg.
6. Ha kremen i en avlang form og kle med clingfilm. Bør avkjøles hurtig.

En GLEDENS dag

Etter 6 månadar på reise kom lisjesystra i dag HEIM!!!!! I slutten av september reiste ho nemleg til Hawai på DTS, og etter 3 månadar der og 3 månadar på outreach i India, er ho no endeleg heime. Det har vore ein dag vi har venta på, sjølv om gleda over alt det flotte ho har opplevd stort sett har overskugga saknet:)

Flotte systra helsar på tanteungen for fyrste gong! Ganske spesielt at det plutseleg har kome eit nytt familiemedlem mens ho har vore borte, men gleda var desto større.
So no gler vi oss til vekene som kjem, og mykje kos i heimen.

onsdag 21. mars 2012

Ut på tur

I dag har vi pakka full bil, og eg og Ada Marie har reist heim til Ulsteinvik. Her skal vi vere til over påske, så difor er alt mogleg med i bagasjen.

Knut har nemlig "samla opp" litt jobb, og går inn i ei intensiv arbeidsperiode. Då passar det godt for oss å vere heime med besteforeldre litt:)

Ada Marie veks og er så gooood å ta i, så det blir nok hardt for papsen å vere vekke så lenge. Men, vi får gle oss til påskeferie!

mandag 19. mars 2012

Browniestest

Det å lage gode (ekte) brownies uten å ty til Toro, har eg framleis til gode. Dei blir liksom ikkje seig, å likna ofte meir på sjokoladekake enn slik eg tenkjer brownies eigentleg skal vere. I dag gjorde eg eit nytt forsøk (etter denne oppskrifta http://www.klikk.no/mat/spise/article419534.ece):

Først vannbad, smelte smør og sjokolade:



Så dei tørre ingrediensane i, steik og spis!


Og resultatet denne gongen? God på smak, sprø utanpå og mjuk inni. Fortsatt ikkje seig, men meir "soft". Dette var eit akseptabelt forsøk, men ikkje perfekt. Tips/oppskrift mottas med takk kjære blogglesarar:)

fredag 16. mars 2012

Tidlig krøkast

Check out my new BODY!!!


Med "obligatorisk" medlemskap i bygda sitt idrettslag, må sjølvsagt også treningsdraktene vere tilpassa innbyggarane. Litt å vekse i fortsatt, men det kjem med musklane!
I den nye drakta slo Ada Marie til med å snu seg frå magen til ryggen fleire gonga. Dette til STOR begeistring frå mammaen og pappaen:)

torsdag 15. mars 2012

Svigermors kunstverk

Vi er så heldige at svigermor har laga det finaste sengeteppet til oss på barnerommet. Tenk å vere så flink med nål og tråd (og symaskina...)?!







Teppet gjer det så koselig på barnerommet, og sidan barnerommet foreløpig er gjesterom, står senga klar til alle dokke andre som meir enn gjerne må kome på besøk:) 

Over senga heng Jesusbiletet som var oldemor sitt. Slitt er det, men fint likevel!

 

mandag 12. mars 2012

Utflukt til Ulsteinvik

I helga har vi vore på vår fyrste litt større utflukt, heim til Ulsteinvik. Så KJEKT å få vere med familien der, og vi trur nok at det var ganske stas for dei også å få ha besøk av barnebarnet:)



Takk for oss, vi kjem snart igjen!

onsdag 7. mars 2012

Fridag med pappaen

Tirsdag betyr fridag for Knut, og det LIKA vi alle saman! I går var det tid for trening til 6-vekers kontrollen (altså: klare å lyfte hovud, snu hovud, etc...), så her er vi i rute;)


Deretter bygde Knut og Ada Marie ei hytte:


 Så trengte både far og barn en liten kvil:


Til sist var pappa si t-skjorte full av gulp, og Ada Marie/sinnataggen(!!!) i nye klær med "matching" sokkar:

tirsdag 6. mars 2012

BlinkSKOT

I dag må eg legge ut eit bilete frå "arkivet". Haha...er det ikkje snålt?! Ada Marie er ikkje sikker på om ho egentlig trives i vaskebaljen, men eit tøfft bilete blei det!




Ting og tang

Etter kommentaren under eit av dei andre innlegga ser eg at det er på tide med nytt interiørinnlegg! Eg trur ikkje desse er like populære som "Ada Marie-innlegga", men på Kvardagsglimt skal det no vere litt for ein  kvar smak:)

Så her kjem resultatet etter ei runde med kameraet!

Spisestua vår er gamal med stolar frå gamle tanta til Knut og bord frå Gjenbruksbutikken i Ulsteinvik.
Godstolen (og no ammestolen...)
Vitrineskapet som etter MYKJE arbeid gikk frå orangelakkert (sorry tidligera eigara, men det var ein litt mystisk farge;)) til kvit.

Pidestall, mottete men fin!

Så, noko nytt vi faktisk har betalt for...Pappelinateppet! Kult!

søndag 4. mars 2012

Fiiine vogga

Ada Marie har vore heldig å fått så mykje fint frå kjende og kjære. Vi er så glade og takknemlege for alt, men ei av dei gåvene vi er aller mest fornøgde med er vogga frå bestefar Odd Arne. Tenk, den har han laga sjølv! Kjempe fin synes vi den er.


Herleg for Ada Marie å få kvile litt i løpet av dagen, og det gjer ho opp til fleire timar dagleg. Ikkje dumt:)