mandag 28. mai 2012

Pinsehelg

Dei årlege Torvikbuktdagane har gått av stabelen i helga, og vi har KOSA oss.


Akkurat det var kanskje ikkje rart, i og med at alle suksesskriteriane for ei god helg var tilstades:

-gode vener på besøk

 - mykje aktivitet



- solfylte dagar


- babykos


- strålande kvardagsglimt


Vi sjåast neste år!

torsdag 24. mai 2012

Summertime

Sol frå skyfrihimmel, over 20 grader, grill og istid. Solbeskyttelse og beredt for langhelg.

God helg folkens!

søndag 20. mai 2012

Fjelldebut

Nydeleg dag, med nydelege folk=perfekte forhold for Ada Marie sin fyrste fjelltur!

Med bruk av bæresele auka rekkevidda for kvar vi kan ta med lillesnuppa. Kjekt og konstatere at ho trives, og at utfluktene heretter ikkje må inkludere barnevogn. Slike turar som dette blir det fleire av!

lørdag 19. mai 2012

DåpsDetaljar

Dåpen er vel gjennomført, og vi ser tilbake på kjekke dagar med triveleg besøk og gode opplevingar. Ganske stort å døype lisje snuppa, og stas og få dele det ilag med være næraste.



Til ein slik dag er det bra å få lage til litt ekstra av ting og tang. Fargekoda var rosa, medan desserten sjølvsagt var favoritten Pavlova. Denne gongen i porsjonsutgåver. Deilig!



Lisjenuppa var stilig (som vanlig), og "festlig" i kyrkja med "litt" grining! Ja, vi er jo for at alle og ein kvar er seg sjølv lik!

torsdag 17. mai 2012

Hipp hurra for 17.mai...og dåpsbarnet!

I dag har det vore ein stor dag på alle måtar!

I tillegg til å feire grunlovsdagen, har vi hatt dåp for Ada Marie. Vi har altså hatt dobbelt festdag, og FOR ein dag det har vore! Stort å få døype lille snuppa, og så kjekt å ha besøk av familie og vener.

Stolte foreldre

Eit søvnig dåpsbarn, og flotte gjestar

Lille familien og fadderane

onsdag 16. mai 2012

Finn ein "feil"


hehe, jaah...vi kan vel seie at det ikkje var akkurat slik vi la ho frå oss. På mystisk vis har babyen og babygymmen bevegd seg ein halvmeter...og snuppa ligg på magen, på golvet...hmm...

(Og etter at dette har skjedd fleire gongar, kan vi bekrefte at ja...ho kan snu seg denne vegen også!)

mandag 14. mai 2012

Min PUFF

I dag kjem eit bilete av puffen eg har laga. Mange av dykk veit eg har strikka slike, men denne er hekla. Enkelt og greit, og eit fint blikkfang i stua!

Oppskrifta er henta frå Pickles.no


torsdag 10. mai 2012

Dagens glimt

Kosedag med snuppa i sofaen...


Tidlig krøkast som god tv-slave skal bli

Ut på tur...i sofaen
Og sist...litt kos. Herlig!

tirsdag 8. mai 2012

Tid for vår(onn)

Her på bygda er kvardagen prega av at dette folkehøgskuleåret også går mot slutten, så her er det hektisk aktivitet på alle mann.
På denne tida får ein liksom litt "våronna" over seg også, og eg kjenner eg er klar for å fikse til både ute og inne (Mulig at årsaka til nett den fiksetrangen er den foreståande dåpen...).

Mest tid nyttar eg likevel saman med lisje snuppa som no har blitt 3 MÅNADAR!!! Ho er fortsatt en knallSTILIG, litt rar og AKTIV baby:


Nytt på den fronten er at livet om mogleg har vorte enda festligare for ho, så her sit latteren laust. Ho har redusert grinetida med fleire timar for dagen, og likar aller helst å ligge på golvet og "turne". Dette gjer at livet er festligare for mammaen og pappaen også, og vi gler oss til fortsettelsen!

tirsdag 1. mai 2012

gymmings i heimen

 Ken sku tru at sånn babygym va so gøy?!?


Her er det iallfall FULLT fokus;) Kjekt når lille snuppa flira og kosa seg. Det beste av alt er at gjensynsgleda er like stor kvar gong ho ser att leika. Ho-Ho...livet er artig!