mandag 9. juli 2012

Sommarferie

God sommar, utan internett og dermed bloggfri frå oss på bygda. NYT.

  
Sjå opp til Han og STRÅL av glede!
(Salme 34,6)                      

søndag 8. juli 2012

Heimstaden vår

Norge altså! Så fint det er når sola skin, og naturen tindrar mot oss. Eg er så glad at vi har moglegheit til å ta med Ada Marie ut på tur, og at det går så fint. Det er klart vi ikkje kjem oss sånn innmari langt, men kva gjer vel det når ein kan nå så nydelege plassar som Hasundhornet på kort tid.







Hasundhornet, som er ein av dei mest populære fjellturane i Ulsteinvik, gir god utsikt utan altfor mykje  strev. Og Ada Marie er sjølvsagt veldig begeistra;)


søndag 1. juli 2012

God (vestlands) sommar!

Vi er godt i gang med sommar og ferietid, og det nytast! Svigers har feriehus i Vanylven, og der har vi vore dei siste dagane.

Opphaldet baud på så mangt, og ikkje minst mykje ver...

SOL, REGN, sol igjen, DIS, badetemperatur, NORDAVIND, regnboge.

Solglimt gjennom regntunge skyer

Sjekk midtpunktet Ada Marie

Liknar på sommar
For slik er jo Vestlandet, og veret kan absolutt ikkje stoppe oss. Ada Marie har difor fått sin fyrste (svært) regnfulle fjelltur.



Her er vi på Vikevatnet, og lisjesnuppa blir frisk og raud i kjakane av det litt "lunefulle" veret;) Men fisken bit da i slikt ver!!

Å, som ej LIKAR at det fisken nappar. Kjekt, kjekt!!

Knut måtte ro slik at eg fekk fiske
Og enno er det lenge igjen til ferieslutt og innetid...