I år som i fjor har vi denne helga delteke i beachvolleyballturneringa, Sahara. Med besøk av Jenny og Rune fekk Knut og meg også gode makkera,og sjølvsagt leverte vi solide beachprestasjonar;)
Sahara er ei lågterskel turnering, åpen for alle. Kjekt at det ikkje er så seriøst at ein ikkje tør vere med, og bra at det er så seriøst at det blir litt spel. Altså; perfekt for team Jenny&Hennie.
Denne historia seie ingenting om sjølve resultatet, og vi lar det vere med det. For, som vi veit er jo det viktigaste å delta?! Ja, i teorien iallfall...Eller kva Knut&Rune?!?
søndag 17. juni 2012
fredag 15. juni 2012
Bøy&tøy
Morgenstund har guld i munn, -meiner Ada Marie! Då er det på tide med litt bøy&tøy etter ei altfor stille natt. Tidleg på morgonen har ein nemleg så mykje energi, -seier ho. No for tida er eg foresten mest oppteken av å spise på beina mine, -helsar Ada Marie. Nydeleg.
torsdag 14. juni 2012
Oh yes, syden altså!
![]() | |
| På tur på beachen med sydenbaben |
![]() |
| Opp å sjå -nysgjerrig er eg |
![]() |
| Familien på den laaaange Alcudiastranda |
![]() |
| Herleg(?!) tådypping i Middelhavet |
Sjølv om charterferiering kanskje ikkje er det mest spanande -og at harrystempelet forsovidt også blei bekrefta - kjende vi at det var ei heilt perfekt ferieform for oss no med lisjesnuppa. Ada Marie er 4 månadar, og nokon kan kanskje tenkje at det er litt "sprekt" å ta med smårollingar på ferie til varmare strøk. Våre erafringar etter denne veka er imidlertid utelukkande positive. Sjølvsagt må ein ta hensyn, og opphalde seg litt meir i skuggen enn eg vanlegvis har gjort (kremt...solslikkaren), men slik er det no heime også.
![]() |
| Lisjesnuppa i vogna med giraffen Sophie |
![]() |
| *Sommarfølelse* |
Abonner på:
Innlegg (Atom)










