onsdag 29. februar 2012

Heia JOKER!!!

I og med at vi bur i ei lita bygd er butikktilbodet begrensa til ein Joker. Det kan høyres lite ut, men vi er veldig nøgd med butikken vi har!

Vi fekk oss ei overveldande gåve derifrå i går då vi kom på vår (nesten...) daglege butikktur:

 

Ikkje verst med blomster til Ada Marie frå lokalbutikken. Slå den! Eg seier berre: Heia Joker og heia "bygda" (slikt får du ikkje på by'n!!)!

mandag 27. februar 2012

Sjarmtrollet

Ada Marie er eit lite sjarmtroll synes vi, og her kjem nokre glimt av det!




Bileta viser ho fredfull og grom, slik vi helst likar å ha ho:)

Vinterferie

No er vinterferien over, og vi ser tilbake på gode dager med mykje besøk! Kjekt med alle som kjem for å helse på Ada Marie, og kjekt for Knut&meg at alle er så glade for å sjå ho:)

Nokon av dei som også var strålande glade var onkel Thors og tante Andrea. Dei hadde med den kulaste gåva (iallfall i fylgje onkelen sjølv, haha...) -nemleg denne fine dressen, smikke og...denne bamsen. Legg du merke til kvifor onkel er så nøgd?!

onsdag 22. februar 2012

Litt frå huset

Kaldt og surt er det ute, og då er det ekstra godt å vere inne. Sjølv om huset vårt er gamalt, har vi det godt her.

Eg likar at ting og tang rundt meg er koseleg, og noko av det eg er spesielt nøgd med er denne kommoden frå loppis! Den kosta den nette sum av 25 kroner, og som han sa selgaren: "Det er vel ikkje vårt største tap i dag". DÅ såg han den ikkje for seg pussa og malt spør du meg.


På kjøkkenet har eg ei mala, kvit trekassa. Her kan eg variere litt det som er opp i, alt etter sesong.


Anbefalast, og slike kasser treng ikkje koste så mykje. Mi "fann" eg i ein søppelhaug i ein kjellar. Nytt liv til gamalt skrot!

mandag 20. februar 2012

Lisje nurket

"Det største mysterium er ikke mer 
enn det at en ørliten kropp er våknet til jorden. 
Den nyfødte ser. To luker i himlen går opp. 
Selv fem-trinns-raketter og kjernefysikk blir puslingers-puslespill 
når det nyfødte barn med et eneste blikk beviser at Gud er til" (Andrè Bjerke)


Takknemleg og glad. Dette er STORT!

lørdag 18. februar 2012

Ada Marie

Navnet til lisje nurket er oppattkalling etter hennar to bestemødre; Margaret og Astrid Marie. Der har ho verkeleg noko å slekte etter, så det har vi stor tru på!



Ada er eit navn av hebraisk opprinning. Brukt i bibelen tyder det 'vakker', på gammeltysk 'glad', mens i Nigeria betyr Ada 'førstefødte'.

Navnet Marie er også av hebraisk opprinning og tyder  'vakker, sterk'.


Ja, så dette må vel bli BRA?!?

mandag 13. februar 2012

Klar for verden

Tenk så fantastisk! Då tek vi vegen frå sjukehuset og heim til Torvikbukt.


Akkurat 3 og eit halvt døgn gamal er ho beredt for nye utfordringar -utanfor sjukehuset sine veggar.
Den fyrste bilturen er gjennomført, og det var kjekt i akkurat 30 av dei 45 minutta den varte!


Heime blei vi møtt av flagget til topps på verandaen.
"Sjølvsagt må vi ha det", seie pappaen. "Det her e no en stor dag!".


Ny verdensborger

Lisje prinsessa kom til verden 9. februar k. 23:02!

Fine vænn: 50 cm. og 3520 gram.

onsdag 8. februar 2012

Ei velsigna tid

Dei siste dagane har eg vore så heldig å motta mange gode ord på SMS, kjekke telefonsamtalar og koselege helsingar i posten. Det å ha gode venar og familie som bryr seg og lurer på korleis det går, betyr enormt mykje for meg! Tusen takk alle:)

Eit av dei bibelversa eg har fått er Jes. 41.10. Tenk så fantastisk!




Dette treng eg nok framfor kraftanstrengelsen eg har i vente...;)

tirsdag 7. februar 2012

Pizzasnurrar

Etter tips frå Jenny har eg i dag slått til med pizzasnurrar for å fylle frysen! Med grov deig og karbonadedeig blei det fleire supre og lettvinte middagar, som vi visst kan få god nytte av i tida som kjem.


I mi tid som gravid har eg hatt mine baketabbar, -null salt, null heving, brent mat og mjøl hit&dit. Eg skyldar på søvnmangel og litt nedsatt "simultankapasitet" (berre ei unnskyldning moglegens...?!?), men I DAG gikk alt etter boka. Fornøgd, og det var Knut også:)



søndag 5. februar 2012

Rolege dagar

Her er det ROLEGE dagar for tida, og helga har gått utan at eg er heilt sikker på kva eg har gjort. Vi får kalle det avslapping og kos:)


Vi har nettopp gått ein fin tur i det kalde veret, og no har Knut (på eige initiativ!) rett og slett laga scones. Eg gler meg!

fredag 3. februar 2012

Eg lagar

Sjekk biletet eg laga for litt sidan til stua! Dette er enkelt, så kanskje kan det vere til inspirasjon for nokon andre som treng noko å fylle veggane med?



Lyst å lage ditt eige bilete? 





Biletet er laga med heimelaga sjablong, og mala med svart maling på eit lerret. Sjablongen lagar du ved å skrive den teksta du ynskjer inn i word, ta ein print og skjer ut bokstavane. Det siste punktet tek litt tid, då du helst bør gjere dette litt nøyaktig. Eg anbefalar også litt kraftig kopipapir, noko som vil gjere "kantane" på bokstavane skarpare. Lykke til!

Dagens middagsmat

Mat og drikke treng vi alle mann, og i dag har eg forsøkt meg på noko som eg ikkje har laga før. Knut hadde lyst på hamburger, men hamburgerbrød hadde vi ikkje...

I "Espelid si store raude" finn ein som oftast råd, så med oppskrifta framføre meg sette eg i gang!

Og resultatet? Det ser du her:






Mykje bedre enn dei en kjøpe i butikken, så dette kan anbefalast! Spesielt når ein har litt ekstra fritid, og det er heilt greit at ting tek litt lenger tid...MMM!

onsdag 1. februar 2012

Ventetid

Idag har vi konstatert at vi byrjar å bli bittelitt utålmodige av å veeeente... Men, vi sysselset oss så godt vi kan!


Knut jobbar sjølvsagt, og resten av tida? Ja...då set han ein del her på "rulla" i kjellaren.



Eg kosar meg med nokre små-prosjekt, og no er det denne som snart er i havn! Manglar hette og knappar...men det kjem!

Oppskrifta er henta herifrå: http://www.garnstudio.com/lang/no/visoppskrift.php?d_nr=b18&d_id=2

Og slik går no dagane!


Statusrapport

Sjølv om "ETTER-biletet" blir mykje meir interessant, publiserar eg no "FØR-biletet".



De av dykk som har sett meg i det siste veit jo at magemålet har teke av...og, ja...eg trur eg er ganske sprekkferdig!