Viser innlegg med etiketten Husglimt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Husglimt. Vis alle innlegg

tirsdag 18. september 2012

Her bur Ada Marie!

Ja, no lyg vel den overskrifta litt... for lisjesnuppa er nok litt for glad i mat på natta til å sove for seg sjølv. Likevel har vi i dag starta med å gjere det eine gjesteromet om til barnerom, så kan det iallfall fungere som leikerom!


Eit av dagensprosjekt har vore å lage uglebileta som du kan sjå over. Dei er laga av stoff kjøpt på Åhlens, som er klipt ut og plassert i rammer.

 Denne lille sjarmøren minna oss rett&slett litt om Ada. Veit ikkje heilt kvifor, men... :-)


Hovudpersonen sjølv var strålande fornøgd med nye (gamle) senga, arva av mamma og resten av syskena Viseth.




Litt på veg kom vi oss, så får vi sjå når det blir innflytnings"fest"!

søndag 26. august 2012

Alt har si tid

For nokre dagar sidan vakna eg av at det var kaldt på soverommet. Lufta var skarp, og eg kjende det fyrste snevet av haust.

Det å forlate noko har ofte litt vemod i seg, og slik kan det av og til vere i desse overgangane mellom årstidene. Vi forlet ei tid, og skal inn i ei anna. Overgangen mellom sommar og haust er eit slik eksempel, men dette skiftet kjenner eg meg budd på.
          
Hausten er velkomen her med oss, og vakre haustglimt på trappa i gåve frå mi kjære mamma, viser at vi har mykje fint i vente!



NB: Og om du ynskjer å lese litt meir om dette med at "alt har si tid", anbefaler eg at du tek ein titt i Bibelen på Forkynnaren 3. Det har eg gjort!
   
 

tirsdag 3. april 2012

God påske!

Påska er ei herleg høgtid! Med oss blir den feira i Ulsteinvik og på hytta med gode vener og familie. No har det til og med kome mykje snø, så vi kosar oss ute i kulda og nyt peisvarmen inne.


Påskestemning

Fine påskeliljer

Gult er fortsatt kult

torsdag 15. mars 2012

Svigermors kunstverk

Vi er så heldige at svigermor har laga det finaste sengeteppet til oss på barnerommet. Tenk å vere så flink med nål og tråd (og symaskina...)?!







Teppet gjer det så koselig på barnerommet, og sidan barnerommet foreløpig er gjesterom, står senga klar til alle dokke andre som meir enn gjerne må kome på besøk:) 

Over senga heng Jesusbiletet som var oldemor sitt. Slitt er det, men fint likevel!

 

tirsdag 6. mars 2012

Ting og tang

Etter kommentaren under eit av dei andre innlegga ser eg at det er på tide med nytt interiørinnlegg! Eg trur ikkje desse er like populære som "Ada Marie-innlegga", men på Kvardagsglimt skal det no vere litt for ein  kvar smak:)

Så her kjem resultatet etter ei runde med kameraet!

Spisestua vår er gamal med stolar frå gamle tanta til Knut og bord frå Gjenbruksbutikken i Ulsteinvik.
Godstolen (og no ammestolen...)
Vitrineskapet som etter MYKJE arbeid gikk frå orangelakkert (sorry tidligera eigara, men det var ein litt mystisk farge;)) til kvit.

Pidestall, mottete men fin!

Så, noko nytt vi faktisk har betalt for...Pappelinateppet! Kult!

onsdag 22. februar 2012

Litt frå huset

Kaldt og surt er det ute, og då er det ekstra godt å vere inne. Sjølv om huset vårt er gamalt, har vi det godt her.

Eg likar at ting og tang rundt meg er koseleg, og noko av det eg er spesielt nøgd med er denne kommoden frå loppis! Den kosta den nette sum av 25 kroner, og som han sa selgaren: "Det er vel ikkje vårt største tap i dag". DÅ såg han den ikkje for seg pussa og malt spør du meg.


På kjøkkenet har eg ei mala, kvit trekassa. Her kan eg variere litt det som er opp i, alt etter sesong.


Anbefalast, og slike kasser treng ikkje koste så mykje. Mi "fann" eg i ein søppelhaug i ein kjellar. Nytt liv til gamalt skrot!