Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg

tirsdag 11. desember 2012

SuksessCookies

Med besøk av to venninner fekk vi mandag laga cookies verdt ei STOR anbefaling. Rykta seier at dette er den originale Narvesen-cookies oppskrifta, og presis slik dei vert laga i kiosken. Akkurat det kan eg ikkje stå inne for, men at baksten var ein suksess kan eg skrive under på.


Så her kjem oppskrifta!
4 egg
5 dl sukker
2,5 dl brunt sukker
2 ts vaniljeessens
1 ts natron
1/2 ts salt
170 gr smør
10 dl mel
300 gr hakka mørk kokesjokolade

  • egg og sukker: eggedosis
  • Ha så oppi resten
  • Trill små bollar, ca 16 per plate
  • Steik 180grade 12-15min
NB: Eg trur vi fekk nesten 80 kjeks, så dette er ei stor oppskrift


onsdag 28. november 2012

Fyrste av dei 7 slag!

Kanskje litt i tidlegaste laget å starte med småkakene før jul, men...desse vert nok spist opp lenge før den tid, så nye må nok lagast uansett.

Knut fyrar i peisen og med herleg "bakelukt" i huset, mandarin og joggebuksa på, er ettermiddagen komplett!

Eg er generelt glad i diverse cookies, og har forsøkt ulike oppskrifter. No prøvde eg meg på peanøttkaker, men med veldig lite smør i oppskrifta eg fann på internett blei eg berre passe nøgd. Eg mistenkjer den for å prøve å vere litt "sunn". Det er sjelden suksess tenkjer eg, og meiner nok at kaker ein gong er kaker og då må det vere sukker og smør i høvelege mengder. Oppskrifta blir difor ikkje delt på bloggen, men eg skal nok teste igjen og kome tilbake med ei skikkeleg cookiesoppskrift:)

fredag 7. september 2012

Muffins-Time

3 egg, 3 dl sukker, 2 ts bakepulver, 1 1/2 dl mjølk, 170 g margarin og litt mel...kva blir det?


Jo, nydelege muffins på 1-2-3! Denne gongen fylte eg dei også med litt vaniljekrem, og toppa dei med kanel og perlesukker. Herleg til ein kopp kaffe, akkompagnert av høljande regnver.

tirsdag 17. april 2012

Lukta av nybaka brød

I dag høyrde eg på "God morgen Norge" nokon som meinte at lukta av nybaka gjærbakst i huset er lukta av OMSORG. Eg kunne ikkje vore meir enig, og sette sjølvsagt i gang å bake! Så i dag har det blitt både bollar og grovbrød.

Dette grovbrødet er ein av mine absolutte favorittar, både på smak og i tilberedningsmåte. Det er nemleg eit såkalla "eltefritt" brød, og ingrediensane skal berre blandast saman til ei litt rennande masse og må ikkje knaast. Med Kenwooden eller anna kjøkenmaskin lagar desse brøda seg dermed nesten sjølv, genialt eller?!

Og her kjem oppskrifta: (2 stk. brød i 2-litersformer)
660 g kv. mjøl
130 g sammalt kveite grov
330 g sammalt kveite fin
6 dl kruskakli
1 pk tørrgjær
1,2 l lunka vatn
3 ts salt
1 dl solsikkekjerner, ev. 0,5 dl linfrø
2 ss olje

Bland (GODT) saman ingrediensane, deiga skal vere litt rennande og dermed ulik ei vanleg brøddeig. Hev ca. 1 time, og "slå" deiga ned igjen. Hell over i formene, hev til brødet når kanten av forma og steik på 200 grader i ca. 50 min.

søndag 25. mars 2012

Pavlova=ein favoritt

Alle festdagar fortenar ei kake, og dette er absolutt ein slik festdag! Ei av mine favorittkaker er Pavlova. Sjølvsagt helst med ferske bær, men i påvente av ny sesong fungerar også dei frosne.
I dag forsøkte eg noko eg ikkje har gjort før, nemleg å lage vaniljekremen frå botnen av. Her om dagen høyrde eg at det ikkje er "ekte" vanilje i den kjøpte vaniljekremen, og det er jo temmeleg skuffande. Sjølv om eg gjerne innrømmer at eg likar den kjøpte også, var det verkeleg noko ekstra med heimelaga. Og ikkje var det for vanskeleg heller, anbefales!

Eg brukte foresten denne oppskrifta frå krem.no:
Melk/fløte 1/2l
Sukker 100g
Maizena 35g
Vaniljestang 1stk
Eggeplommer 4 stk


Slik gjør du:
1. Pisk sammen eggeplommer maizena og sukker i en bolle.

2. Hell melken/fløten i en kjele. Splitt vaniljestangen, skrap ut innholdet og ha alt i kjelen. (Også den hele stangen)
3. Kok opp væsken og hell litt av den kokende væsken i bollen med eggeblandingen mens du rører.
4. Hell så alt tilbake i kjelen og rør kraftig til det tykner. Pass på at det ikke brenner seg.
6. Ha kremen i en avlang form og kle med clingfilm. Bør avkjøles hurtig.

mandag 19. mars 2012

Browniestest

Det å lage gode (ekte) brownies uten å ty til Toro, har eg framleis til gode. Dei blir liksom ikkje seig, å likna ofte meir på sjokoladekake enn slik eg tenkjer brownies eigentleg skal vere. I dag gjorde eg eit nytt forsøk (etter denne oppskrifta http://www.klikk.no/mat/spise/article419534.ece):

Først vannbad, smelte smør og sjokolade:



Så dei tørre ingrediensane i, steik og spis!


Og resultatet denne gongen? God på smak, sprø utanpå og mjuk inni. Fortsatt ikkje seig, men meir "soft". Dette var eit akseptabelt forsøk, men ikkje perfekt. Tips/oppskrift mottas med takk kjære blogglesarar:)

tirsdag 7. februar 2012

Pizzasnurrar

Etter tips frå Jenny har eg i dag slått til med pizzasnurrar for å fylle frysen! Med grov deig og karbonadedeig blei det fleire supre og lettvinte middagar, som vi visst kan få god nytte av i tida som kjem.


I mi tid som gravid har eg hatt mine baketabbar, -null salt, null heving, brent mat og mjøl hit&dit. Eg skyldar på søvnmangel og litt nedsatt "simultankapasitet" (berre ei unnskyldning moglegens...?!?), men I DAG gikk alt etter boka. Fornøgd, og det var Knut også:)



fredag 3. februar 2012

Dagens middagsmat

Mat og drikke treng vi alle mann, og i dag har eg forsøkt meg på noko som eg ikkje har laga før. Knut hadde lyst på hamburger, men hamburgerbrød hadde vi ikkje...

I "Espelid si store raude" finn ein som oftast råd, så med oppskrifta framføre meg sette eg i gang!

Og resultatet? Det ser du her:






Mykje bedre enn dei en kjøpe i butikken, så dette kan anbefalast! Spesielt når ein har litt ekstra fritid, og det er heilt greit at ting tek litt lenger tid...MMM!