I dag høyrde eg på "God morgen Norge" nokon som meinte at lukta av nybaka gjærbakst i huset er lukta av OMSORG. Eg kunne ikkje vore meir enig, og sette sjølvsagt i gang å bake! Så i dag har det blitt både bollar og grovbrød.
Dette grovbrødet er ein av mine absolutte favorittar, både på smak og i tilberedningsmåte. Det er nemleg eit såkalla "eltefritt" brød, og ingrediensane skal berre blandast saman til ei litt rennande masse og må ikkje knaast. Med Kenwooden eller anna kjøkenmaskin lagar desse brøda seg dermed nesten sjølv, genialt eller?!
Og her kjem oppskrifta: (2 stk. brød i 2-litersformer)
660 g kv. mjøl
130 g sammalt kveite grov
330 g sammalt kveite fin
6 dl kruskakli
1 pk tørrgjær
1,2 l lunka vatn
3 ts salt
1 dl solsikkekjerner, ev. 0,5 dl linfrø
2 ss olje
Bland (GODT) saman ingrediensane, deiga skal vere litt rennande og dermed ulik ei vanleg brøddeig. Hev ca. 1 time, og "slå" deiga ned igjen. Hell over i formene, hev til brødet når kanten av forma og steik på 200 grader i ca. 50 min.
Så herlig Hennie! Heldige Knut. Hørtes ut som et brød jeg også kunne lage!:) Skriv gjerne oppskrift på bloggen! (hvis den ikke er hemmelig...;)
SvarSlettJa, det e absolutt et brød alle kan klare! Innlegget er herved redigert, no MED oppskrift!
SvarSlettDitta såg godt ut, og det skal definitivt testast ut!!:) so fine blogg du he:):)
SvarSlettTusen takk for oppskrift! Nå står brødene i ovnen og de ser SÅ gode ut:) Gleder meg til lunsj.
SvarSlettKom plutslig over bloggen din, koselig å lese. Brødet er herved testa ut med stor suksess :) Ha en god dag!
SvarSlettKamilla