søndag 24. februar 2013

Fine Ada Marie

Fine, lille vænnen vår posera i sofaen på hyttetur. Herlig lys med en herlig liten skapning <3


lørdag 9. februar 2013

HiPP HURRA FOR 1-ÅRINGEN!!!!!

For ein milepæl... å ha ein 1-åring i hus?! Tida har gått fort, seier Knut og meg til kvarandre. Men samstundes må vi konstatere at 9. februar for eit år sidan kjennes lenge sidan. Mykje har skjedd, og tilværelsen som "berre" Knut og meg verkar nesten litt utenkjeleg. Vi har vorte vande med å ha lille "syftesara" ilag med oss, og kvardagen er definitivt meir innhaldsrik og intens enn før. Ada Marie er stilig og rar, fortsatt ikkje så stor -men i godt "hald". Ho kan gå, men vi kan ikkje påstå at ho er heilt "stø". Ellers elskar ho det meste av mat, sjølv om appelsin, bær og druer er favorittane. Ho kan seie ein del ord -iallfall om vi legg godviljen til-og likar å lage mange og rare lydar.

9. februar 2013, og hennar fyrste bursdag er kanskje ikkje ein dag ho vil huske så godt. Men, for oss gjeng denne dagen inn i minnebøkene -på lik linje med den for eit år sidan.
Dagen blei feira med ei fantastisk fin hyttehelg i Vaksvika. Laurdag var alle besteforeldrene til Ada Marie på plass, samt oldemor.

Dagen baud på god mat, masse kos, strålande sol, gåver og Ada Marie sin fyrste pulktur:


Her er bursdagsbarnet godt innpakka i pulken, med munnen full av rosine.  Det er klart ein må få det ein vil når ein fyller året!

Spreke gjengen, fint oppstilt

Morfar, bursdagsbarnet, bestemor og pappaen klar for tur

Familebilde må til

Ahhh, nydelege forhold og nydelege fjell
Og til sist, noko ekstra spanande; maaaaasse gåver. Ein kan bli forskrekka av mindre

søndag 3. februar 2013

Onkel&tante helg

Stas med besøk er det alltid, men når besøket er av onkel Thorstein og tante Andrea er alt ekstra kjekt. Knut har vore på gutetur i London, så behovet for litt selskap for meg og Ada Marie var desto større!



Saman med onkel og tante fekk Ada Marie testa snøen og leikefasilitetane i barnehagen -kanskje ikkje så dumt sidan det no berre er 3 veker til fyrste dag i barnehagen.