søndag 26. august 2012

Alt har si tid

For nokre dagar sidan vakna eg av at det var kaldt på soverommet. Lufta var skarp, og eg kjende det fyrste snevet av haust.

Det å forlate noko har ofte litt vemod i seg, og slik kan det av og til vere i desse overgangane mellom årstidene. Vi forlet ei tid, og skal inn i ei anna. Overgangen mellom sommar og haust er eit slik eksempel, men dette skiftet kjenner eg meg budd på.
          
Hausten er velkomen her med oss, og vakre haustglimt på trappa i gåve frå mi kjære mamma, viser at vi har mykje fint i vente!



NB: Og om du ynskjer å lese litt meir om dette med at "alt har si tid", anbefaler eg at du tek ein titt i Bibelen på Forkynnaren 3. Det har eg gjort!
   
 

tirsdag 21. august 2012

Graut, GRAUT, graut

Omtrent det morsomaste eg kan tenke meg for tida er å sjå Ada Marie nyte eit herremåltid med Nestle-barnegraut. Sidan ho no er over eit halvt år, er jo liksom innføring av "fast føde" ein post på progammet.

Og, jah...vi må seie at det går retteleg så BRA:



Mogleg den observante lesar ser at litt kanskje har gått utføre her. Det stemmar forsovidt også. Men, matvetet er liksom større enn eteferdigheitene så då blir det slik! Vi held fram med å øve, og snart glir alt rett ned. Ikkje sant, lillemora?!

mandag 20. august 2012

SeinsomarTilbakeblikk

Det er mandag, det er seinsomar og det er skulestart for mange rundt omkring. Dagane er framleis lange, ripsbæra er moden, og sola gir oss nokre "bonus-visittar". August er min favorittmånad. Eg har mange gode somarminner og sjå tilbake på, og eg har mykje å sjå fram i mot.

Dette må vere ein god dag å avslutte "bloggeferien" på, og markere start på nytt semester -også her.

Vi er tilbake i bygda etter nesten 7 veker på farta. Det har vore late dagar, aktive dagar, kvardagslege dagar, 8(?!) skikkelege soldagar, nokre trøtte dagar og flest kjekke dagar:
Fjørekos med svigers


Ada Marie "prøver ut" graset for fyrste gong