Viser innlegg med etiketten advent. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten advent. Vis alle innlegg

søndag 23. desember 2012

GOD JUL


Vi ynskjer deg og dine ei signa julehøgtid. Takk for fylgje i 2012, så sjåast vi igjen i 2013. Beste helsing frå oss alle 3 på bygda.

Og til sist: ein favoritt frå salme 91,11:

For han skal gje englane sine påbod om å verna 
deg på alle dine vegar.

onsdag 19. desember 2012

JuleStria

No har vi vaska gølve, 
og vi har børi ved, 
og vi har...


Å, nei. Det har vi faktisk ikkje gjort... Og ikkje har vi ein plan for juletreet eller pinnekjøtet, eller alle dei 7-sortane heller. -Hm, korleis skal det då bli jul?! Tenkjer du kanskje. Men, vi har ein plan! I morgon lastar vi bilen full og snur nasa heimover til Sunnmøre. Kjenner vi dei traktene rett, er både frysar og kakebokser fullstappa og  dei tradisjonelle "juleluktene" strøymer på. Det aller viktigaste er likevel at der er alle være kjende og kjære og DET er det som verkeleg skapar jula. Vi gler oss altså til ei julefeiring lik året før og året før der igjen, men denne jula har vi i tillegg med ein ny liten "julegris" som allereie no skal få lov å kjenne at jula, den er noko utanom det vanlege!

SOM eg GLER meg!!!!

tirsdag 11. desember 2012

SuksessCookies

Med besøk av to venninner fekk vi mandag laga cookies verdt ei STOR anbefaling. Rykta seier at dette er den originale Narvesen-cookies oppskrifta, og presis slik dei vert laga i kiosken. Akkurat det kan eg ikkje stå inne for, men at baksten var ein suksess kan eg skrive under på.


Så her kjem oppskrifta!
4 egg
5 dl sukker
2,5 dl brunt sukker
2 ts vaniljeessens
1 ts natron
1/2 ts salt
170 gr smør
10 dl mel
300 gr hakka mørk kokesjokolade

  • egg og sukker: eggedosis
  • Ha så oppi resten
  • Trill små bollar, ca 16 per plate
  • Steik 180grade 12-15min
NB: Eg trur vi fekk nesten 80 kjeks, så dette er ei stor oppskrift


mandag 10. desember 2012

Pappaperm sa du?!

Knoll&Tott lev framleis livet heime, og pappaperm er kjekke saker. Av og til lurer eg liiiiiitt på kva dei eigentleg syslar med medan eg er ute av huset, men stoltheita over nye triks som er prøvde og lærte overgår alt. Det er difor liten liten fare for at dagens gjeremål ikkje må forteljast eller visast fram. Det nyaste er dette:
Ein kan vel seie det slik at dette ikkje hadde blitt testa i mammaperm. Så, JA til mammaperm og JA til pappaperm. At lillesnuppe ser skikkeleg skeptisk ut på dette biletet meiner Knut var heilt tilfeldig...(ja, nettopp) ;)

lørdag 8. desember 2012

Musikkanbefaling

Dag for dag vert det litt meir jul, både på kalendaren og i huset. Vi trallar i veg på julesongane og kjenner at dette er ei god tid. 

Ein av dei songane som gjeng på repeat er "Thankful" av Josh Groban:



Kanskje ikkje av dei mest tradisjonelle julesongane, likevel ein av dei med eit bodskap verdt å tenke ein tanke eller to ekstra på! Så, kjære lesar: ta deg ein pust i bakken og lytt på songen. Kanskje kjem du på noko du er takknemleg for?!

lørdag 1. desember 2012

Endeleg!

Og, for ei GLEDE! At vi no skriv desember, at stjerna er oppe og pynten på plass. Julekaledaren skal opnast, julegåvene pakkast og kakene bakast.

VENTETIDA er i gang.

Julestjerna er den same som åra før; -stor og kvit! Elevane meiner at veglysa er overflødige, då lyset er så sterkt. Jaja...skjønar ikkje kva dei meiner;)

Litt lilla og litt rødt. Alternativ kombinasjon, men iallfall julete.

Og nokon ting har vi mest fordi vi vert litt ekstra nostalgiske i juletider! Her er nissekona&nissemannen som Knut gav til meg for maaaange år sidan, og har vore våre faste fylgjesvenar sidan den tid. Den 7-erma staken er Knut sin frå studietida. Den kosta sikkert 29,90 på Nille, men likar den gjer vi uansett. Kan iallfall ikkje kvitte oss med den!