fredag 17. mai 2013

...og det er Norge i rødt, hvitt og blått

Hipp, hurra for 17. mai og ei nydeleg vårsol! 

Her kjem oppdatering på bloggen, både fordi eg snart tenkjer eg må børste støv av Kvardagsglimt igjen og for å helse til resten av fammen som feirar andre stadar i inn- og utland.

Vi har feira dagen i bygda, med alt det inneber. Lillesnuppa var sjølvsagt storfornøgd og begeistra med folk og leven i barnetoget, is og masse god mat og herleg leikever.



Eit av dei store høgdepunkta var Ada Marie sin opptreden under festen med barnehagen. Knut og meg var spente på programmet, sidan Ada Marie hadde vore så hemmelighetsfull i forkant. Ikkje hadde vi fått vite kva for nokre songar dei skulle synge...og ikkje hadde vi sett ho øve på å stå stille i koret. Men den lille håpefulle holdt seg på scena under heile innslaget (med barnehagetante-hjelp da, men...), og dei stolte foreldra var nøgde.


"Så blei eg litt lei av å vere inn å høyre på festtale. Då gikk vi ut igjen. Mamma spiste is og eg spiste stein":


Verkeleg folkeliv kunne lille bygda skilte med på ein slik dag. Knut stram og fin i bunad, andre mest gravid og glad ein får på seg kle i det heile ;)


Ein liten smårolling håper det står bra til med alle, og helsar med eit rungande:

Hipp, hipp, HURRAAAAAA!!!


mandag 1. april 2013

Geitnibba 854 moh

Påska baud på mange fantastiske opplevingar, i nydeleg ver og med veldig mange av våre kjende og kjære.

Eit av mine mål for påska var å nå mitt favoritt (?) fjell. Og sjølv om det ikkje er tidenes tindebestigning var det ein passeleg ambisjon for meg:)

Skikkeleg familietur. Den eldregarde, litt bak...

Lilletuppa treng også matpause. Litt Kvikk lunsj, takk?!


Lukkekjensle på toppen

Og fantastisk utsikt nedigjen
Åååå, så heldige vi er som kan få oppleve dette!!

(Ja, og no er skia lagt på hylla til neste sesong. Målet er nådd!)

fredag 29. mars 2013

God påske!

-for så høgt har Gud elska verda at Han gav sin son, den enbårne...


søndag 24. februar 2013

Fine Ada Marie

Fine, lille vænnen vår posera i sofaen på hyttetur. Herlig lys med en herlig liten skapning <3


lørdag 9. februar 2013

HiPP HURRA FOR 1-ÅRINGEN!!!!!

For ein milepæl... å ha ein 1-åring i hus?! Tida har gått fort, seier Knut og meg til kvarandre. Men samstundes må vi konstatere at 9. februar for eit år sidan kjennes lenge sidan. Mykje har skjedd, og tilværelsen som "berre" Knut og meg verkar nesten litt utenkjeleg. Vi har vorte vande med å ha lille "syftesara" ilag med oss, og kvardagen er definitivt meir innhaldsrik og intens enn før. Ada Marie er stilig og rar, fortsatt ikkje så stor -men i godt "hald". Ho kan gå, men vi kan ikkje påstå at ho er heilt "stø". Ellers elskar ho det meste av mat, sjølv om appelsin, bær og druer er favorittane. Ho kan seie ein del ord -iallfall om vi legg godviljen til-og likar å lage mange og rare lydar.

9. februar 2013, og hennar fyrste bursdag er kanskje ikkje ein dag ho vil huske så godt. Men, for oss gjeng denne dagen inn i minnebøkene -på lik linje med den for eit år sidan.
Dagen blei feira med ei fantastisk fin hyttehelg i Vaksvika. Laurdag var alle besteforeldrene til Ada Marie på plass, samt oldemor.

Dagen baud på god mat, masse kos, strålande sol, gåver og Ada Marie sin fyrste pulktur:


Her er bursdagsbarnet godt innpakka i pulken, med munnen full av rosine.  Det er klart ein må få det ein vil når ein fyller året!

Spreke gjengen, fint oppstilt

Morfar, bursdagsbarnet, bestemor og pappaen klar for tur

Familebilde må til

Ahhh, nydelege forhold og nydelege fjell
Og til sist, noko ekstra spanande; maaaaasse gåver. Ein kan bli forskrekka av mindre

søndag 3. februar 2013

Onkel&tante helg

Stas med besøk er det alltid, men når besøket er av onkel Thorstein og tante Andrea er alt ekstra kjekt. Knut har vore på gutetur i London, så behovet for litt selskap for meg og Ada Marie var desto større!



Saman med onkel og tante fekk Ada Marie testa snøen og leikefasilitetane i barnehagen -kanskje ikkje så dumt sidan det no berre er 3 veker til fyrste dag i barnehagen.


søndag 13. januar 2013

ein heilt vanleg søndag




...med tv-tid, søndagstur, tradisjonell middag og...pappatull.

Og med mamma laga eg brød.

Søndag er kjekt det!

tirsdag 8. januar 2013

Hallo alle saman!

Her er eg, ute på ein liten gåtur. Foreløpig likar eg best å ha denne discoobilen til å støttte meg på, men berre vent...snart klarar eg heile golvet aleine.

Eg bruker å tøffe meg litt, og slepp meg for å ta eit skritt eller to. Men berre frå bordet til sofaen og slike ting. Det er viktig å halde seg på nokonlunde trygg grunn. Knall og fall vert det litt uansett, men eg tåler det da. Ser du foresten at bilen min har lasteluke framme? Har din det kanskje? Nei, min bil er veldig kul den.


Den seier faktisk brom, brom også. Åja, gjer din også det? Jaja, men ikkje slik som min vil eg tru. 
-Brom, brrrrooooooom.

Beste helsing Ada Marie.

mandag 7. januar 2013

Nytt år, nye moglegheiter

Vi har allereie kome godt inn i det nye året, og sjølv om vi opplevde 2012 som ganske opplevingsrikt har vi stor tru på at også 2013 skal by på mykje spanande.

Som inspirasjon til det, las eg i helga ei av bøkene vi fekk i julegåve, nemleg "Fjellbarna". 

Boka omtalar ei famile med 3 små jenter som, ja...brukar mykje av tida si på og i fjellet. Familien Viseth Vikebakk kjem nok ikkje til å nå dei i antall overnattingsdøgn ute, etc., men etter å ha lese boka blei eg iallfall veldig klar for å kjenne snøen under skia og la Ada Marie få teste pappaen med pulken (ei anna kjekk julegåve). Men fyrst må vi vente på snøen! Fram til det gjer eg meg ferdig med årets omgangssjuke, og lovar å dokumentere test av pulk m.m så snart tilhøva tillet det.