fredag 17. mai 2013

...og det er Norge i rødt, hvitt og blått

Hipp, hurra for 17. mai og ei nydeleg vårsol! 

Her kjem oppdatering på bloggen, både fordi eg snart tenkjer eg må børste støv av Kvardagsglimt igjen og for å helse til resten av fammen som feirar andre stadar i inn- og utland.

Vi har feira dagen i bygda, med alt det inneber. Lillesnuppa var sjølvsagt storfornøgd og begeistra med folk og leven i barnetoget, is og masse god mat og herleg leikever.



Eit av dei store høgdepunkta var Ada Marie sin opptreden under festen med barnehagen. Knut og meg var spente på programmet, sidan Ada Marie hadde vore så hemmelighetsfull i forkant. Ikkje hadde vi fått vite kva for nokre songar dei skulle synge...og ikkje hadde vi sett ho øve på å stå stille i koret. Men den lille håpefulle holdt seg på scena under heile innslaget (med barnehagetante-hjelp da, men...), og dei stolte foreldra var nøgde.


"Så blei eg litt lei av å vere inn å høyre på festtale. Då gikk vi ut igjen. Mamma spiste is og eg spiste stein":


Verkeleg folkeliv kunne lille bygda skilte med på ein slik dag. Knut stram og fin i bunad, andre mest gravid og glad ein får på seg kle i det heile ;)


Ein liten smårolling håper det står bra til med alle, og helsar med eit rungande:

Hipp, hipp, HURRAAAAAA!!!