Her er eg, ute på ein liten gåtur. Foreløpig likar eg best å ha denne discoobilen til å støttte meg på, men berre vent...snart klarar eg heile golvet aleine.
Eg bruker å tøffe meg litt, og slepp meg for å ta eit skritt eller to. Men berre frå bordet til sofaen og slike ting. Det er viktig å halde seg på nokonlunde trygg grunn. Knall og fall vert det litt uansett, men eg tåler det da. Ser du foresten at bilen min har lasteluke framme? Har din det kanskje? Nei, min bil er veldig kul den.
Den seier faktisk brom, brom også. Åja, gjer din også det? Jaja, men ikkje slik som min vil eg tru.
-Brom, brrrrooooooom.
Beste helsing Ada Marie.