![]() |
| Vakre skapningen. |
tirsdag 24. april 2012
mandag 23. april 2012
Bryllupshelg
I helga har vi vore i bryllup i Oslo til det FINASTE brudeparet, Johannes og Kaja.
En fantastisk fin dag på alle måtar, og kjekt å få feire dagen i lag med gode vener.
Så herleg med ei skikkeleg byhelg, og avveksling frå "kvardagen". Snille tante Olaug var barnevakt under bryllupet, og vi slapp skriking og bleieskift.
For Ada Marie er også fyrste flytur unnagjort, og med eit sjeldant godt sovehjarte (til ho og vere...) gjekk også det ganske smertefritt.

| Heilt klar for tur |
![]() |
| Pjuuuh...letta. 10 poeng til Ada Marie for null skriking |
tirsdag 17. april 2012
Lukta av nybaka brød
I dag høyrde eg på "God morgen Norge" nokon som meinte at lukta av nybaka gjærbakst i huset er lukta av OMSORG. Eg kunne ikkje vore meir enig, og sette sjølvsagt i gang å bake! Så i dag har det blitt både bollar og grovbrød.
Dette grovbrødet er ein av mine absolutte favorittar, både på smak og i tilberedningsmåte. Det er nemleg eit såkalla "eltefritt" brød, og ingrediensane skal berre blandast saman til ei litt rennande masse og må ikkje knaast. Med Kenwooden eller anna kjøkenmaskin lagar desse brøda seg dermed nesten sjølv, genialt eller?!
Og her kjem oppskrifta: (2 stk. brød i 2-litersformer)
660 g kv. mjøl
130 g sammalt kveite grov
330 g sammalt kveite fin
6 dl kruskakli
1 pk tørrgjær
1,2 l lunka vatn
3 ts salt
1 dl solsikkekjerner, ev. 0,5 dl linfrø
2 ss olje
Bland (GODT) saman ingrediensane, deiga skal vere litt rennande og dermed ulik ei vanleg brøddeig. Hev ca. 1 time, og "slå" deiga ned igjen. Hell over i formene, hev til brødet når kanten av forma og steik på 200 grader i ca. 50 min.

søndag 15. april 2012
SokkeTips
Eg har erfart nokre gongar at det kan vere litt utfordrande å strikke sokkar, spesielt når ein kjem til hælen. Det er liksom både vanskeleg, og tek tid. Så no har eg fått eit godt tips frå ein nabo, og har starta på prosjektet "hæl-lause sokkar":
Poenget er rett og slett å strikke sokkane som ei pølse, utan hæl! Det høyres kanskje rart ut, men i babystørrelse fungerar det iallfall finfint! Her ser du biletet av sokkane Ada Marie fekk av naboen:
Vil du prøve å strikke eit slikt par sjølv? Slik gjer du det:
Legg opp 40 maskar på strømpepinnar nr. 2,5 med tynt ullgarn (NB: babystr.).
Strikk 2m rett og 2m vrang, i 3 omgangar.
Så skal du vri/flytte mønsteret ein maske slik at du får spiralmønsteret du ser på biletet. Det vil seie at der du starta forrige omgang med 2m rett, skal du no strikke 1m rett, så 2m vrang, 2m rett etc. ut omgangen. Har du gjort rett skal siste maske på omgangen vere 1m rett. Så fortsett du slik i 3 omgangar, og flyttar mønsteret nok ein maske.
Slik fortset du med "spiralmønsteret" til du har ynskja lengde (mine er ca. 13cm lang). Maskane fell du av slik: Strikk saman dei rette maskane, så dei vrange maskane. Strikk 2 og 2 maskar saman, og drag til sist tråden gjennom dei resterande maskane.
Vanskeleg å forstå? Neida, berre prøv så ser du at det eigentleg er lett! Lykke til.
Poenget er rett og slett å strikke sokkane som ei pølse, utan hæl! Det høyres kanskje rart ut, men i babystørrelse fungerar det iallfall finfint! Her ser du biletet av sokkane Ada Marie fekk av naboen:
![]() |
| Dei sit perfekt på, og er gode og varme. |
Legg opp 40 maskar på strømpepinnar nr. 2,5 med tynt ullgarn (NB: babystr.).
Strikk 2m rett og 2m vrang, i 3 omgangar.
Så skal du vri/flytte mønsteret ein maske slik at du får spiralmønsteret du ser på biletet. Det vil seie at der du starta forrige omgang med 2m rett, skal du no strikke 1m rett, så 2m vrang, 2m rett etc. ut omgangen. Har du gjort rett skal siste maske på omgangen vere 1m rett. Så fortsett du slik i 3 omgangar, og flyttar mønsteret nok ein maske.
Slik fortset du med "spiralmønsteret" til du har ynskja lengde (mine er ca. 13cm lang). Maskane fell du av slik: Strikk saman dei rette maskane, så dei vrange maskane. Strikk 2 og 2 maskar saman, og drag til sist tråden gjennom dei resterande maskane.
Vanskeleg å forstå? Neida, berre prøv så ser du at det eigentleg er lett! Lykke til.
lørdag 14. april 2012
Hei på deg!
I dag kjem nokre AdaMarie-glimt frå oss her på bygda!
Lille snuppa er så liten og rar, og gaaaanske så tøff synes no vi.
fredag 13. april 2012
LyKke
Lykke er å stå opp til denne utsikta...
...å nyte dagens fyrste kaffikopp
...å vite at dagen skal tilbringast med denne lille krabaten...
Ja, lykke kan vere så mangt. Men i dag er eg ikkje i tvil. Ha ein skikkelig *LYKKE* dag alle sammen!

tirsdag 10. april 2012
Ferdig produkt
For ei stund sidan viste eg fram på bloggen denne dressen medan eg framleis hald på med den http://www.hennieanett.blogspot.com/2012/02/ventetid.html. No er den ferdig og Ada Marie har byrja å bruke den når ho skal på tur i vogna.
Praktisk og varm+kjapp å få på=SMART!
mandag 9. april 2012
Lisje prinsessa er 2 månadar
Tenk, 2 månadar har gått sidan Ada Marie blei fødd...litt rart, men mest av alt STORT å ha ein slik fantastisk skapning ilag med oss!
Tida har gått raskt og seint på same tid. Raskt fordi eg så lett kan hugse den fyrste tida og at eg ikkje kjem på å ha gjort så mykje anna sidan 9. februar, og seint fordi eg no ikkje kan tenkje meg ein kvardag utan Ada Marie.
Vi ser også at ho har gått frå å vere eit bittelite spedbarn til ein karaktersterk og aktiv baby. Fortsatt liten, men sterk og robust synes vi!

tirsdag 3. april 2012
God påske!
Påska er ei herleg høgtid! Med oss blir den feira i Ulsteinvik og på hytta med gode vener og familie. No har det til og med kome mykje snø, så vi kosar oss ute i kulda og nyt peisvarmen inne.
![]() |
| Påskestemning |
![]() |
| Fine påskeliljer |
![]() |
| Gult er fortsatt kult |
Abonner på:
Innlegg (Atom)