Alle festdagar fortenar ei kake, og dette er absolutt ein slik festdag! Ei av mine favorittkaker er Pavlova. Sjølvsagt helst med ferske bær, men i påvente av ny sesong fungerar også dei frosne.
I dag forsøkte eg noko eg ikkje har gjort før, nemleg å lage vaniljekremen frå botnen av. Her om dagen høyrde eg at det ikkje er "ekte" vanilje i den kjøpte vaniljekremen, og det er jo temmeleg skuffande. Sjølv om eg gjerne innrømmer at eg likar den kjøpte også, var det verkeleg noko ekstra med heimelaga. Og ikkje var det for vanskeleg heller, anbefales!
Eg brukte foresten denne oppskrifta frå krem.no:
Melk/fløte 1/2l
Sukker 100g
Maizena 35g
Vaniljestang 1stk
Eggeplommer 4 stk
Slik gjør du:
1. Pisk sammen eggeplommer maizena og sukker i en bolle.
2. Hell melken/fløten i en kjele. Splitt vaniljestangen, skrap ut innholdet og ha alt i kjelen. (Også den hele stangen)
3. Kok opp væsken og hell litt av den kokende væsken i bollen med eggeblandingen mens du rører.
4. Hell så alt tilbake i kjelen og rør kraftig til det tykner. Pass på at det ikke brenner seg.
6. Ha kremen i en avlang form og kle med clingfilm. Bør avkjøles hurtig.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar