Vi er godt i gang med sommar og ferietid, og det nytast! Svigers har feriehus i Vanylven, og der har vi vore dei siste dagane.
Opphaldet baud på så mangt, og ikkje minst mykje ver...
SOL, REGN, sol igjen, DIS, badetemperatur, NORDAVIND, regnboge.
 |
| Solglimt gjennom regntunge skyer |
 |
| Sjekk midtpunktet Ada Marie |
 |
| Liknar på sommar |
For slik er jo Vestlandet, og veret kan absolutt ikkje stoppe oss. Ada Marie har difor fått sin fyrste (svært) regnfulle fjelltur.
Her er vi på Vikevatnet, og lisjesnuppa blir frisk og raud i kjakane av det litt "lunefulle" veret;) Men fisken bit da i slikt ver!!
 |
| Å, som ej LIKAR at det fisken nappar. Kjekt, kjekt!! |
 |
| Knut måtte ro slik at eg fekk fiske |
Og enno er det lenge igjen til ferieslutt og innetid...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar