søndag 7. oktober 2012

Spania feriering

Avveksling frå rutiner og daglege gjeremål er kjærkome i ny og ne, og når avvekslinga til og med kan by på sol og varme gir det skikkeleg energi!


 
Ada Marie kosar seg med ein munnfull sand...
Knut har hatt ei veke pappapermisjon og vi nytta den til ein tur til Quesada, ein liten landsby mellom Allicante og Torrevieja.
Såååå spanande med bølgeskvulp

Sydenturisten slækkar
25-27 grader var perfekt temperatur og i tillegg til farting rundt i nærområdet med leigebilen, shopping og bading, blei det òg berre slækking. Vi hadde nokre kjekke dagar i lag med mamma, pappa og Gunvor, og dei blei brukt til husplanlegging (men her manglar bilete då dei var så pass opptekne med det at vi ikkje fekk foreviga heile gjengen i lag....;)).

Denne gongen budde vi her:
Neste gong blir det her:

Spanande saker, herleg avslapping og no: klar for hauststormen på hytta! God haustferie til alle som er så heldige å ha det!

søndag 23. september 2012

Fager HAUSTsol smiler


Søndag=turdag...meiner mange, og i nydeleg klart haustver seier eg meir enn gjerne ja takk til det. Så i dag har vi teke ein skikkeleg familietur på eit av fjella (Holtafjellet, 610 moh) her i nærområdet.

Utruleg herleg på tur, og lisjesnuppa kosar seg.

Ja...men uten mat og drikke dug heller ikkje dessee heltane (Lisjesmora klarte å vente til toppen, mens den litt større av oss måtte ha pistopen halvegs. "Knut, seriøst. Eg er heeeeeilt TOM").

 Yeah, mi fyrste "varde-posing"!



lørdag 22. september 2012

Auksjon!!!

Eg har gleda meg heilt viiiiiiilt til i dag, haha..."berre" på grunn av auksjon på ein nedlagd skule i nabobygda. Og gjett om det var gøy!!! Eg fekk skaffa meg nokre kjempeKUPP. Spesielt fornøgd var eg med desse 2 plansjane::


Plansjar har eg leita lenge etter, og valet fall på ein med dompapp (pappas favorittfugl;)) og ein med smørblomster (eller noko som likna iallfall...). Plansja var av dei mest populære objekta, og folk var villig til å betale temmeleg mykje for dei. Eg derimot (kremt), spurte tilfeldigvis auksjonarius før alt starta om det ikkje var mogleg å kjøpe 2 laust, og det var det...til den nette sum av 10 kr. stk. Under sjølve auksjonen gjekk dei for meir enn 10 ganga meir, og då var liksom det litt dyrt for meg;)

Eg kunne kjøpt enda meir, men etter 3 timar hadde dei ikkje kome halvvegs. Alt skulle under "klubba" så dessverre blei det ikkje budrunde på hverken sløydbenk eller verdenskart med meg.


Men eg fekk sikra meg ein del bøker, og noko anna "rask" (som enkelte vil kalla det...;))

Fornøgd med dagen, opplevinga og det som kom heim...men liiiitt ergelig med det eg ikkje kjøpte;)

tirsdag 18. september 2012

Her bur Ada Marie!

Ja, no lyg vel den overskrifta litt... for lisjesnuppa er nok litt for glad i mat på natta til å sove for seg sjølv. Likevel har vi i dag starta med å gjere det eine gjesteromet om til barnerom, så kan det iallfall fungere som leikerom!


Eit av dagensprosjekt har vore å lage uglebileta som du kan sjå over. Dei er laga av stoff kjøpt på Åhlens, som er klipt ut og plassert i rammer.

 Denne lille sjarmøren minna oss rett&slett litt om Ada. Veit ikkje heilt kvifor, men... :-)


Hovudpersonen sjølv var strålande fornøgd med nye (gamle) senga, arva av mamma og resten av syskena Viseth.




Litt på veg kom vi oss, så får vi sjå når det blir innflytnings"fest"!

søndag 16. september 2012

Oslo Turistfestival2012

"Fredag 14. september til søndag 16. september gikk Oslo turistfestival av stabelen. 
Turistfestivalen er ny av året, til spesielt invitert, med et innhold helt utenom det vanlig. 
Forutenom eksepsjonelt hyggelig vertskap og superb bevertning, kunne arrangementskomiteen by på atraksjoner vi vet eksisterer, men som langt fra alle faktisk hadde vært på. Fram-museet, KonTiki-museet, byvandring og Operataket...-ja, bare for å nevne noe av det vi fikk oppleve (og beskuet gjennom de helt spesielle festivalBRILLENE -mulig du legger merke til de på de kommende bildene?!).





Nesten hele gjengen samlet på Operataket


Klar til å "gjere byen", utstyrt med kart og døgnbillett

Litt "nyttig" guiding fra festivalsjef1&2, Kaja og Johannes


"Nåken E bærre kulare enn andre"

Smårollingene er selvsagt også med på festival

Gruppe 2 flankert av festivaladm.dir 1&2, Hanne og Henrik

Roald, gjengen og skuten hans


And, guess what folkens?!: ALLE VAR ENIGE om at vi hadde en forrykende festlig, innholdsrik, sosial og lærerik (?) helg!!!! "

En stor takk til arrangementskomiteen! Kan vi komme tilbake neste år?! Tror nok vi fortsatt har mye å gå på når det gjelder Oslos turistilbud, noe som muliggjør et like spekket program år, etter år...

PS: Det er selvsagt bare under slike anledninger bokmål kan benyttes som skriftspråk:)

fredag 7. september 2012

Muffins-Time

3 egg, 3 dl sukker, 2 ts bakepulver, 1 1/2 dl mjølk, 170 g margarin og litt mel...kva blir det?


Jo, nydelege muffins på 1-2-3! Denne gongen fylte eg dei også med litt vaniljekrem, og toppa dei med kanel og perlesukker. Herleg til ein kopp kaffe, akkompagnert av høljande regnver.

søndag 2. september 2012

God søndag!

I dag er det slækkedag, bakedag, trenedag, innedag og berre kose-seg-dag! Og ikkje minst har vi foreviga Ada Marie i si nye haustdrakt fått av mormor:







Ada Marie; -ein super modell for "ull er gull" drakta frå Devold :-)

søndag 26. august 2012

Alt har si tid

For nokre dagar sidan vakna eg av at det var kaldt på soverommet. Lufta var skarp, og eg kjende det fyrste snevet av haust.

Det å forlate noko har ofte litt vemod i seg, og slik kan det av og til vere i desse overgangane mellom årstidene. Vi forlet ei tid, og skal inn i ei anna. Overgangen mellom sommar og haust er eit slik eksempel, men dette skiftet kjenner eg meg budd på.
          
Hausten er velkomen her med oss, og vakre haustglimt på trappa i gåve frå mi kjære mamma, viser at vi har mykje fint i vente!



NB: Og om du ynskjer å lese litt meir om dette med at "alt har si tid", anbefaler eg at du tek ein titt i Bibelen på Forkynnaren 3. Det har eg gjort!
   
 

tirsdag 21. august 2012

Graut, GRAUT, graut

Omtrent det morsomaste eg kan tenke meg for tida er å sjå Ada Marie nyte eit herremåltid med Nestle-barnegraut. Sidan ho no er over eit halvt år, er jo liksom innføring av "fast føde" ein post på progammet.

Og, jah...vi må seie at det går retteleg så BRA:



Mogleg den observante lesar ser at litt kanskje har gått utføre her. Det stemmar forsovidt også. Men, matvetet er liksom større enn eteferdigheitene så då blir det slik! Vi held fram med å øve, og snart glir alt rett ned. Ikkje sant, lillemora?!

mandag 20. august 2012

SeinsomarTilbakeblikk

Det er mandag, det er seinsomar og det er skulestart for mange rundt omkring. Dagane er framleis lange, ripsbæra er moden, og sola gir oss nokre "bonus-visittar". August er min favorittmånad. Eg har mange gode somarminner og sjå tilbake på, og eg har mykje å sjå fram i mot.

Dette må vere ein god dag å avslutte "bloggeferien" på, og markere start på nytt semester -også her.

Vi er tilbake i bygda etter nesten 7 veker på farta. Det har vore late dagar, aktive dagar, kvardagslege dagar, 8(?!) skikkelege soldagar, nokre trøtte dagar og flest kjekke dagar:
Fjørekos med svigers


Ada Marie "prøver ut" graset for fyrste gong