To veker sidan sist innlegg. I seg sjølv ganske sløvt. Så er spørsmålet om eg har ei god unnskyldning. Det veit eg ikkje, men årsaka er iallfall at eg har tenkt eg ikkje har hatt noko skikkeleg "Kvardagsglimt-materiale" å publisere...
Når det er sagt, kom eg vel på at det kanskje er nettopp det eg har. Litt KVARDAG!
Eg har nemleg byrja å jobbe att. 8 1/2 fantastiske, tidvis intense, innhaldsrike, minnerike, heilt-utanom-det-vanlege månadar er bytta ut med nye utfordringar i jobben min som HMS-rådgivar. I januar gjekk eg ut i permisjon i frå Hjelp24. Det navnet er historie, og no heiter vi StaminaHOT (Helse og Trening).
Navnediskusjonen skal eg spare lesarane mine for, men vi kan vel seie det sånn at det er bra eg har byrja å jobbe så eg kan ØVE meg;)
Mykje har skjedd heime denne tida:
Lille, nydelege snuppa har vorte stor! Og pappaen har teke over stafettpinnen på heimebane.
Litt av ei lukkekjensle å vinke farvel til desse to folka på morgenkvisten, og vite...at om nokre timar er eg heime med dei igjen!



Tida har gått så fort! Håper jobbstarten har gått fint. No gleda vi oss til å bu litt nærmare dokke, slik at rakkarungane kan få leike litt meir ilag :)
SvarSlett