fredag 30. november 2012

HMS-tiltak i heimen

Lysestakar ligg på golvet i tusen knas. Dukane har blitt kortare og ingen rekk nedom bordkanten. Dei nederste hyllene har vore tømde i fleire månadar og stikkkontakter er tetta. Dette er eksempel på dei opplagte vala, og vegen det "må" gå. I det siste har imidlertid nye case meldt seg.

KVA: snuppa finn ALT som er å finne under 80 (?) cm høgde, og ALT skal etast. Dette var iallfal eit etande eksempel. Det er ikkje lyspærer, blomstergjødsel, grillpinnar etc.

KVA: slangemennesket røyser seg opp sjølv i tripp-trapp-stolen. Faktisk ganske upraktisk, då det umogleg kan gjere godt å dette ned.

KVA: Ada Marie er nysgjerrig-peren sjølv. Det viser seg at mykje av det som er bakerst i skapa ikkje alltid er like barnevennleg.
Kjære besteforeldre: Vi gjer så godt vi kan med å passe på! Og, ingen alvorlige hendingar kan rapporteras foreløpig.

onsdag 28. november 2012

Fyrste av dei 7 slag!

Kanskje litt i tidlegaste laget å starte med småkakene før jul, men...desse vert nok spist opp lenge før den tid, så nye må nok lagast uansett.

Knut fyrar i peisen og med herleg "bakelukt" i huset, mandarin og joggebuksa på, er ettermiddagen komplett!

Eg er generelt glad i diverse cookies, og har forsøkt ulike oppskrifter. No prøvde eg meg på peanøttkaker, men med veldig lite smør i oppskrifta eg fann på internett blei eg berre passe nøgd. Eg mistenkjer den for å prøve å vere litt "sunn". Det er sjelden suksess tenkjer eg, og meiner nok at kaker ein gong er kaker og då må det vere sukker og smør i høvelege mengder. Oppskrifta blir difor ikkje delt på bloggen, men eg skal nok teste igjen og kome tilbake med ei skikkeleg cookiesoppskrift:)

onsdag 21. november 2012

Bonus-tur

Heldige Ada Marie og eg er med pappa på jobb denne veka. Ganske gunstig at det er treningsleir på Lanzarote!!! Ja -no er vel vi mest på sydentur, men herlig er det iallfall.

Ada Marie bruker tida på å øve seg på spaseringsskillsa, samt å sjarmere alle dei 26 elevane som er med på tur. Eg et mint-is, trillar tur og forsøker så godt eg kan å fylgje etter lillesnuppa, og Knut og resten av gjengen har kjekt program med masse gøye ting som vi kan vere med på når det passar.






 Vi er så glade for at vi fekk vere saman også denne veka, istaden for på vere heime aleine og misunne papsen. Dessutan kortar dette ned ventetida til HERLEGE desember, som vi snart er VELDIG klare for:)

tirsdag 6. november 2012

Nye tider

To veker sidan sist innlegg. I seg sjølv ganske sløvt. Så er spørsmålet om eg har ei god unnskyldning. Det veit eg ikkje, men årsaka er iallfall at eg har tenkt eg ikkje har hatt noko skikkeleg "Kvardagsglimt-materiale" å publisere...
Når det er sagt, kom eg vel på at det kanskje er nettopp det eg har. Litt KVARDAG!

Eg har nemleg byrja å jobbe att. 8 1/2 fantastiske, tidvis intense, innhaldsrike, minnerike, heilt-utanom-det-vanlege månadar er bytta ut med nye utfordringar i jobben min som HMS-rådgivar. I januar gjekk eg ut i permisjon i frå Hjelp24. Det navnet er historie, og no heiter vi StaminaHOT (Helse og Trening).


Navnediskusjonen skal eg spare lesarane mine for, men vi kan vel seie det sånn at det er bra eg har byrja å jobbe så eg kan ØVE meg;)




Mykje har skjedd heime denne tida:


 Lille, nydelege snuppa har vorte stor! Og pappaen har teke over stafettpinnen på heimebane.


Litt av ei lukkekjensle å vinke farvel til desse to folka på morgenkvisten, og vite...at om nokre timar er eg heime med dei igjen!

tirsdag 23. oktober 2012

Veksejakka

Lille snuppa i ny ulljakke, endeleg ferdig og klar til bruk!


Oppskrifta er henta frå boka "strikk til nøstebarn", og jakka var slett ikkje vanskeleg å lage. Det har berre teke mykje lengre tid enn eg likar. Det å halde på med eit prosjekt heilt sidan somaren vitnar om at dette har vore ei aldri så lita tålmodighetsprøve, men når eg no er ferdig (og den framleis passar...) er jo alt berre fryd&gammen!

mandag 15. oktober 2012

Og til sist...Begensvisitt!

Gode systra har blitt student i Bergen, og sjølvsagt måtte vi på besøk!
Sjølv om opphaldet eigentleg var ganske innhaldsrikt, ser eg at fotografering har vorte nedprioritert denne gongen. MEN det eg fekk foreviga var iallfall vårt trivelege besøk til Akvariet (ja, etter å ha budd nesten 6 år i Bergen var vel det på tide) saman med syskenbornet og hennar barn.

Som seg hør og bør rakk vi sjølvsagt også ein stroll på Torgalmenningen, ekte kaffi på skikkeleg Bergen kafè, mathygge og slarving. Med alle syskena samla (sorry Thors&Andrea at dykk rett&slett ikkje blei med på bileta...) blei helga ein suksess, og slik vart denne haustferien også avslutta.


Ja...og berre for å understreke faktum, bagasje er IKKJE så kjekk å ha med å gjere når ein kjem heim etter slik feriering. Det blir liksom så rotete...*ARGH*...og så mykje da?!
Kan nokon fortelje kvar eg skal starte?!?

fredag 12. oktober 2012

Sola er GOD

Haustferieveka slo verkeleg til vermessig i år, og hytteferie er rett&slett tingen. Dei siste dagane har vi kosa oss i lag med mamma og pappa, og Vaksvikfjella stråla i all si prakt!







Familiekos, hyttekos...likar også veldig godt peiskos. Herlege dagar med raude kjakar og ein liten baby sin kalde nasetipp. Frisk haustluft og opplett. Vi er heldige som kan ha fri saman. NYTE kvar dag...

torsdag 11. oktober 2012

Markens Grøde

"Høy, høyt høyt i et epletre, titter... 10 små epler ned!"







Her kjem ein liten statusrapport til pappa Åshild: epletreet vi fekk for 5 år sidan i bryllupsgåve lev i beste velgåande. Fangsten i år var 10 epler. Og dette tiltross for særs hard nordavind den siste tida!

Når eg skriv dette høyrdes kanskje ikkje 10 epler ut som ein KJEMPEavling, hmm...men med litt lave forventningar til eigne grøne fingrar var vi skikkeleg nøgde vi;)
Utruleg bra bryllupsgåve foresten? Ja, ei av dei beste. 
Tusen takk Åsmund.



tirsdag 9. oktober 2012

Turen sin det

Høljande regnver i går, gikk i dag over til strålande solskin frå knallblå himmel. Og med nysnø i fjella har eg ikkje anna å seie enn F-A-N-T-A-S-T-I-S-K. Vi er i Vaksvika og turen gikk i dag til Grytavatnet i 10cm snø. Det var faktisk debut-turen til Ada Marie i den kjekke bæremeisa arva frå mitt gode søskenbarn. Tidlegare har vi berre brukt bæresele, men meisa var stor suksess og heilt klart veldig stas for lillesnuppa.

FOR ein natur. FOR ein dag!






søndag 7. oktober 2012

Spania feriering

Avveksling frå rutiner og daglege gjeremål er kjærkome i ny og ne, og når avvekslinga til og med kan by på sol og varme gir det skikkeleg energi!


 
Ada Marie kosar seg med ein munnfull sand...
Knut har hatt ei veke pappapermisjon og vi nytta den til ein tur til Quesada, ein liten landsby mellom Allicante og Torrevieja.
Såååå spanande med bølgeskvulp

Sydenturisten slækkar
25-27 grader var perfekt temperatur og i tillegg til farting rundt i nærområdet med leigebilen, shopping og bading, blei det òg berre slækking. Vi hadde nokre kjekke dagar i lag med mamma, pappa og Gunvor, og dei blei brukt til husplanlegging (men her manglar bilete då dei var så pass opptekne med det at vi ikkje fekk foreviga heile gjengen i lag....;)).

Denne gongen budde vi her:
Neste gong blir det her:

Spanande saker, herleg avslapping og no: klar for hauststormen på hytta! God haustferie til alle som er så heldige å ha det!