Tenk, 2 månadar har gått sidan Ada Marie blei fødd...litt rart, men mest av alt STORT å ha ein slik fantastisk skapning ilag med oss!
Tida har gått raskt og seint på same tid. Raskt fordi eg så lett kan hugse den fyrste tida og at eg ikkje kjem på å ha gjort så mykje anna sidan 9. februar, og seint fordi eg no ikkje kan tenkje meg ein kvardag utan Ada Marie.
Vi ser også at ho har gått frå å vere eit bittelite spedbarn til ein karaktersterk og aktiv baby. Fortsatt liten, men sterk og robust synes vi!

Kulaste bildet av verdasråaste lisje jente!
SvarSlett